Chromebook nyttar operativsystemet ChromeOS. Det er annleis enn andre operativsystem på den måten at alt er basert på å bruke verktøy som er nettbaserte. Der er lite lokal lagringsplass på maskina, nettopp fordi du skal nytte deg av skylagring. Maskina er derfor avhengig av å vere tilkopla nett for å fungere optimalt. Men ein kan allikavel arbeide utan nett i dei fleste tenestane Google Workspace leverar, som t.d. dokumenter, presentasjonar og rekneark.
Du kan lære meir om bruk av chromebook og ChromeOS ved å trykke på linken her.
Google Workspace for Education er ei samling nettbaserte verktøy for produksjon og samhandling mellom lærar og elev, samt elevar imellom. Workspace inneheld blant anna desse tenestane:
Dokumenter. Nettbasert tekstbehandlar. Tilsvarar MS Word. Lær meir om verktøyet ved å trykke her.
Rekneark. Nettbasert rekneark. Tilsvarar MS Excel. Lær meir om verktøyet ved å trykke her.
Presentasjonar. Nettbasert presentasjonsverktøy. Tilsvarar MS Powerpoint. Lær meir om verktøyet ved å trykke her.
Disk. Nettbasert fillagringsplass med ubegrensa lagringsplass. Tilsvarar MS OneDrive og iCloud. Lær meir om verktøyet ved å trykke her.
Gmail. Nettbasert epostkonto. Tilsvarer MS Outlook.
Google Classroom. Læringsplattform der lærar og elev samhandlar digitalt, oppgåver og prøver distribuerast og informasjon formidlast. Lær meir om verktøyet ved å trykke her.
Dersom du vil lære meir om bruken av dei ulike verktøya i Google Workspace for Education kan du trykke på link i punkta over. Hugs at alle lærarar og elevar i Strandaskulen har Google Workspace for Education Plus - lisensar, det gir ekstra sikkerheit og utvida funksjonalitet. Les meir om det ved å trykke her.
Les meir om Google Workspace for Education på Googles eigen nettstad her
Du kan logge inn på chromebooken din med den vanlege brukarkontoen din, den får/fekk du utlevert i 1.klasse. Der vil du ha tilgang til alle tilgjengelege Google-verktøy. Om du ikkje har chromebooken din tilgjengeleg kan du logge deg inn på ei kva som helst slags maskin, der det er ein chrome-nettlesar. innlogging gjer du øvst i venstre hjørne.
Om du ikkje har riktig nettlesar på din maskin kan du laste det ned her.
Om du ikkje hugsar innloggingsdetaljane dine, kan du ta kontakt med læraren din for hjelp.
Du eig dine eigne dokument, og det er ingen andre enn du som kan sjå dei. For at andre skal få sjå dine dokument må du dele dei med andre. Du kan dele dokument med andre elevar og lærarar som er knytt til Strandaskulen. Strandaskulen er eit eige domenet, som innbefattar alle skulane i Stranda Kommune, samt kulturskulen. IKT kan ikkje sjå innhald i dokument, men kan søke fram tittel til alle dokument som blir produsert. Dette er aktivt for å hjelpe dersom dokument manglar eller er forsvunne.
Innhald i din disk og anna data som er knytt til din brukarkonto vil bli sletta 30 dagar etter avslutning i 10.trinn. Om du vil behalde arbeidet ditt er der to måtar å gjere det på.
Om du har ein privat google-konto
Skriv inn din private Google konto, klikk "send kode"
Bekreft kontoen din ved å skrive inn kode som du mottek på din private Google konto
Velg kva innhald du vil kopiere over, her er det anbefalt å velge innhald frå disken
Klikk "start gjennomføring"
Det vil ta ein del tid før overføring er ferdig, du får ein mail når det er klart
Om du ikkje har ein priva google-konto
Gå til https://takeout.google.com/
Huk av i avmerkingsboksen bak disk, her kan du og velge kva av innhaldet i disken du vil laste ned, og kva format dei skal konvertere til
Klikk "neste trinn"
Velg nedlastingsformat og maks størrelse på nedlastingsfilene, her er det anbefalt å velge .zip-format og 2gb filstørrelse. Merk at om du gjer det her på chromebooken din vil det vere lurt å ha ein minnepenn tilgjengeleg. Sørg for at det er nok plass på minnepennen. Klikk "opprett eksport" når du er klar
Å eksportere filene kan ta lang tid. Når eksportering er ferdig kan du velge "last ned".
Lykke til med vidare skulegong!